På Kampen er det to bruktbutikkar som kvar har sin sjarm. Den som utmerkar seg med stor ryddigheit og orden er Kos og kanari som befinn seg i Norderhovgata 9. Innehavar Heidi Huitfeldt har solide røter på Kampen, oldemora hennar etablerte Halvorsens kolonial like i nærheita i 1879!
Heidi er kunnskapsrik og liker å fortelle om historikk og bakgrunn og ein merkar at dette er det gode livet for henne. Forutan nydelege servise, fine tekstilar etc kan du også gjera bokkupp her. Og hvis du er ute etter noko spesielt, kan Heidi skrive det opp og ringe deg i tilfelle det kjem inn, god service! Her er eit intervju i Østkantliv frå 2013: ostkantliv.no/gamleoslo/kampen/ostkantfolk-heidi-har-funnet-tilbake-til-rottene/ I dag har eg bevega meg til sentrum for å skrive litt om yndlingsmuseet mitt, Kunstindustrimuseet. Eg har tenkt at no skal eg gå dit ofte før det stenger, men det skjer altfor fort, dei fleste av dei faste samlingane blir avstengt allerede 27 mars ( og heile museet i november). Derfor- alle arkitektur. og kunstelskarar- gå, ta bussen eller sykle dit NO! Det vakre bygget teikna av Bredo Greve og Ingvar Magnus Olsen Hjorth er blant Europas eldste kunstindustrimuseum og vart innvia i 1904. Ta kaffepausen på Cafe Solliløkken, ei hyggeleg dame har tatt over drifta og serverer gode rundstykke og kaker. Baldisholteppet! Dette blir nok også å sjå i det nye museet på Vestbanen! Opprinneleg var teppet sannsynlegvis ein kalender, dei månadane som er bevarte er april og mai. Teppet er datert til perioden 1040–1190, og er det einaste dømet på biletvev i gobelinteknikk som er bevart i Norden frå denne tida. Teppet har namnet sitt etter Baldishol kirke, Nes, Hedmark der det vart funne på 1800-talet. Det er så fantastisk å sjå at fargane er godt bevarte og vi er heldige som har denne skatten! Må sjåast! Spesiallaga monter med m.a Gustav Gaudernacks libelleskål og andre vakre ting. Spent på å sjå om denne blir eksponert i det nye Nasjonalmuseet. Uansett eit klenodium. Ein av mine favorittdesignarar er Nora Gulbrandsen ( 1894-1978). Ho var Norges første kvinnelege industridesignar ved Porsgrund Porselensfabrikk, men hadde også ein rik eigenproduksjon. Ei vandring på Kampen byr på mange gleder og overraskingar! Eit tips kan vera å gå innom Miljøstasjonen i Sons gate 2, rett nedafor Kampen park. Her kan du finne fine og nesten nye bøker og dvd`ar, bruksgjenstandar og små krakkar t.d, og alt er GRATIS! Fint å kunne levere frå seg ting og tang ein ikkje har bruk for lenger også. Dei som jobbar der er glade i jobben sin, og har humor! Her er noko av det dei har fått inn! Maja Refsum har laga dette minnesmerket over Betzy Kjelsberg ( 1866-1950). Det står ved Akerselva og eg syklar ofte forbi det på veg frå Blindern. I dag stoppa eg og tok bilde og såg nærare på det. Det viser både fabrikkinspektøren, politikaren (Avholdspartiet -heia! og Venstre!) og kvinnesaksforkjemparen. Ho var med på å stifte Norsk kvinnesaksforening i 1885, og la ned eit stort og vikitg arbeid i 25 år som den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Norge.
Fantastisk tøff dame! Og oldemora til Siv Jensen... Les meir om henne her: http://nbl.snl.no/Betzy_Kjelsberg Maja Refsum har forresten også laga Amalie Skram-statuen på Klosterhaugen i Bergen, kjempefin! Å sykle er ein fryd, da kjem ein over så mykje interessant! Kommentar mars 2016: No er biografien om Betzy Kjelsberg lansert. Magnhild Folkvord har skrive boka og du kan høre henne fortelle på Tronsmo bokhandle onsdag 9 mars kl.17. _Her er yndlings-bruktbutikken min! Han ligg i bakken nedafor kirka og har åpent tirsdag, torsdag og lørdag. Eg finn ofte noko eg kan tenke meg her, forrige dagen var det eit utruleg søtt miniservise med Willow-pattern på.
Dama som driv butikken har ein god del 50-talsting og det er ikkje dyrt samanlikna med mange andre slike butikkar. Hugs kæsj! Med det same du er i området kan du ta ein kaffe på Javelin ved sidan av, ikkje byens aller beste kaffe, men ok! Og berre namnet, Torbjørn Egners plass! Egner var Kampengut. Til mi glede såg eg på tirsdag at blomsterbutikken har åpna att! Kampen blomster har nye eigarar, og eg fekk ein hyggeleg prat, det verkar som dei satsar på kvalitetsblomar. Gledeleg med slike småbutikkar og nb! søndagsåpent! |
Categories |