Osloguide i øst
  • Blogg
  • Om bloggen min
  • Reise

Betzy Kjelsberg

4/2/2014

0 Comments

 
Maja Refsum har laga dette minnesmerket over Betzy Kjelsberg ( 1866-1950). Det står ved Akerselva og eg syklar ofte forbi det på veg frå Blindern. I dag stoppa eg og tok bilde og såg nærare på det. Det viser både fabrikkinspektøren, politikaren (Avholdspartiet -heia! og Venstre!) og kvinnesaksforkjemparen. Ho var med på å stifte Norsk kvinnesaksforening i 1885, og la ned eit stort og vikitg arbeid i 25 år som den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Norge.
Fantastisk tøff dame! Og oldemora til Siv Jensen...
Les meir om henne her: http://nbl.snl.no/Betzy_Kjelsberg
Maja Refsum har forresten også laga Amalie Skram-statuen på Klosterhaugen i Bergen,  kjempefin!

Å sykle er ein fryd, da kjem ein over så mykje interessant!
Kommentar mars 2016: No er biografien om Betzy Kjelsberg lansert. Magnhild Folkvord har skrive boka og du kan høre henne fortelle på Tronsmo bokhandle onsdag 9 mars kl.17.

Picture
0 Comments

    Author

    Autorisert Oslo-guide og spesialbibliotekar Kari Folvik

    Archives

    October 2016
    March 2016
    April 2014
    February 2012

    Categories

    All
    Betzy Kjelsberg
    Kampen
    Minnesmerke
    Oslo : Bruktbutikkar

    RSS Feed

Powered by Create your own unique website with customizable templates.