Osloguide i øst
  • Blogg
  • Om bloggen min
  • Reise

Kos og kanari på Kampen

10/10/2016

0 Comments

 
På Kampen er det to bruktbutikkar som kvar har sin sjarm. Den som utmerkar seg med stor ryddigheit og orden er Kos og kanari som befinn seg i Norderhovgata 9. Innehavar Heidi Huitfeldt har solide røter på Kampen, oldemora hennar etablerte Halvorsens kolonial like i nærheita i 1879!
Heidi er kunnskapsrik og liker å fortelle om historikk og bakgrunn og ein merkar at dette er det gode livet for henne. Forutan nydelege servise, fine tekstilar etc kan du også gjera bokkupp her. Og hvis du er ute etter noko spesielt, kan Heidi skrive det opp og ringe deg i tilfelle det kjem inn, god service!
​Her er eit intervju i Østkantliv frå 2013:

ostkantliv.no/gamleoslo/kampen/ostkantfolk-heidi-har-funnet-tilbake-til-rottene/
Picture
Picture
0 Comments

Fint på Kampen!

2/17/2012

0 Comments

 
_Her er yndlings-bruktbutikken min! Han ligg i bakken nedafor kirka og har åpent tirsdag, torsdag og lørdag. Eg finn ofte noko eg kan tenke meg her, forrige dagen var det eit utruleg søtt miniservise med Willow-pattern på.
Dama som driv butikken har ein god del 50-talsting og det er ikkje dyrt samanlikna med mange andre slike butikkar. Hugs kæsj!
Med det same du er i området kan du ta ein kaffe på Javelin ved sidan av,  ikkje byens aller beste kaffe, men ok!
Og berre namnet, Torbjørn Egners plass! Egner var Kampengut.
Til mi glede såg eg på tirsdag at blomsterbutikken har åpna att! Kampen blomster har nye eigarar, og eg fekk ein hyggeleg prat, det verkar som dei satsar på kvalitetsblomar. Gledeleg med slike småbutikkar og nb! søndagsåpent!


Picture
0 Comments

    Author

    Autorisert Oslo-guide og spesialbibliotekar Kari Folvik

    Archives

    October 2016
    March 2016
    April 2014
    February 2012

    Categories

    All
    Betzy Kjelsberg
    Kampen
    Minnesmerke
    Oslo : Bruktbutikkar

    RSS Feed

Powered by Create your own unique website with customizable templates.