I dag har eg bevega meg til sentrum for å skrive litt om yndlingsmuseet mitt, Kunstindustrimuseet. Eg har tenkt at no skal eg gå dit ofte før det stenger, men det skjer altfor fort, dei fleste av dei faste samlingane blir avstengt allerede 27 mars ( og heile museet i november). Derfor- alle arkitektur. og kunstelskarar- gå, ta bussen eller sykle dit NO! Det vakre bygget teikna av Bredo Greve og Ingvar Magnus Olsen Hjorth er blant Europas eldste kunstindustrimuseum og vart innvia i 1904.
Ta kaffepausen på Cafe Solliløkken, ei hyggeleg dame har tatt over drifta og serverer gode rundstykke og kaker.
Baldisholteppet! Dette blir nok også å sjå i det nye museet på Vestbanen! Opprinneleg var teppet sannsynlegvis ein kalender, dei månadane som er bevarte er april og mai. Teppet er datert til perioden 1040–1190, og er det einaste dømet på biletvev i gobelinteknikk som er bevart i Norden frå denne tida. Teppet har namnet sitt etter Baldishol kirke, Nes, Hedmark der det vart funne på 1800-talet.
Det er så fantastisk å sjå at fargane er godt bevarte og vi er heldige som har denne skatten! Må sjåast!
Det er så fantastisk å sjå at fargane er godt bevarte og vi er heldige som har denne skatten! Må sjåast!
Spesiallaga monter med m.a Gustav Gaudernacks libelleskål og andre vakre ting. Spent på å sjå om denne blir eksponert i det nye Nasjonalmuseet. Uansett eit klenodium.
Ein av mine favorittdesignarar er Nora Gulbrandsen ( 1894-1978). Ho var Norges første kvinnelege industridesignar ved Porsgrund Porselensfabrikk, men hadde også ein rik eigenproduksjon.