Maja Refsum har laga dette minnesmerket over Betzy Kjelsberg ( 1866-1950). Det står ved Akerselva og eg syklar ofte forbi det på veg frå Blindern. I dag stoppa eg og tok bilde og såg nærare på det. Det viser både fabrikkinspektøren, politikaren (Avholdspartiet -heia! og Venstre!) og kvinnesaksforkjemparen. Ho var med på å stifte Norsk kvinnesaksforening i 1885, og la ned eit stort og vikitg arbeid i 25 år som den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Norge.
Fantastisk tøff dame! Og oldemora til Siv Jensen...
Les meir om henne her: http://nbl.snl.no/Betzy_Kjelsberg
Maja Refsum har forresten også laga Amalie Skram-statuen på Klosterhaugen i Bergen, kjempefin!
Å sykle er ein fryd, da kjem ein over så mykje interessant!
Kommentar mars 2016: No er biografien om Betzy Kjelsberg lansert. Magnhild Folkvord har skrive boka og du kan høre henne fortelle på Tronsmo bokhandle onsdag 9 mars kl.17.